Fladen Grunn

En ruvende storhet i norsk litteratur, en samfunnsdebattant og ihuga fotballsupporter.

Spill av

Fladen Grunn

av Kjartan Fløgstad

«For hjarta stikk alltid altfor djupt.» Marius Drogsås Hagen fra bandet Team Me lydlegger ulykkeleg kjærlighet fanga mellom skiftarbeid og oljerigg.

En ruvende storhet i norsk litteratur, en samfunnsdebattant og ihuga fotballsupporter.

Marius Drogsås Hagen er låtskriver og produsent, blant annet i bandet Team Me.

Songbart frå Sauda

av Guro Kvalnes

Kjartan Fløgstad syng ikkje på scena, men skriv så songbare tekstar at han lett hamnar i famnen på ein musikar likevel.

–  Eg er ikkje fødd som populærentertainer, så det har vore ein veg å gå.

Kjartan Fløgstad er så mangt. Ein ruvande storleik i norsk litteratur,  ein samfunnsdebattant og ihuga fotballsupporter. Sidan debuten med diktsamlinga Valfart i 1968 har det vorte over 40 utkomne bøker i dei fleste sjangrar. Men sjølv om det er litteraturen som har fått mest speletid, har musikken alltid vore der. I liv og tekst. Ikkje så reint sjeldan finn du han på scena i musikalsk samkvem.

–  Sjølv syng eg ikkje, men eg har vore med. Både på scena og på tur. Musikarar er ein fest å reise og opptre saman med. Forteljarkunsten bak scena er stor. Dei fleste musikarar er jo så gode verbalt, og dei kan fortelja dei beste skrønene, anten det er Kringkastingsorkesteret eller Vestlandsfanden.

Under oppveksten i Sauda var far den musikalske drivkrafta.

– Eg hugsar veldig godt at far min skulle til Haugesund for å få seg ny bil, då Folkevogna vår hadde vorten gamal. Han drog tidleg av garde på morgonen, og det varte og det rakk. Seint på kvelden kom gubben tilbake i Folkevogna med eit elektrisk orgel i baksetet som han hadde fått meir lyst på enn ny bil. Det var eit orgel med rytmeboks i, med spakar for slow rock og tango. Han song dessutan mykje for syster mi og meg. Repertoaret var frå den norske songskatten med Aasen, Vinje og Sivle.

–  Det har eigentleg forundra meg at han ikkje sendte meg i gutemusikken eller noko slikt. Eg har såleis ikkje noko formell musikalsk utdanning, men eg har i moden alder skaffa meg nokre blåseinstrument som eg bles litt i. Ein altsaksofon og nokre fløyter som eg spelar på når det er vinter og alle vindauger er att.

Den verkeleg store musikalske oppvakninga fann stad i tolvårsalderen.

– Då Elvis Presley entra scena vart eg hekta og eg har kanskje ikkje kome meg noko vidare. Eg var fyrste generasjonen som opplevde rock som ung tenåring. Det har forma musikksmaken min. Eg har prøvd å bli meir «avansert». Iherdig har eg prøvd å lika jazz, utan at det har festa seg på same vis i hjarterøtene.

Du har vore oppteken av skilje mellom høg- og lågkultur, òg når det gjeld musikk. Kva er det du ikkje likar ved den «borgarlege» musikken?

– No er «borgarleg musikk» eit stort omgrep, men om ein tek utgangspunkt i jazzen, så er det ikkje slik at eg ikkje likar jazz. Men eg opplever at den moderne jazzen i stor grad har fjerna seg frå opphavet, blitt konsert- og lyttemusikk for dei innvigde. Eg likar betre musikk som står i kontakt med eit stort og folkeleg publikum.

For det er musikk som taler til kropp og sinn som har stått høgast i kurs hjå Fløgstad.

– Opphalda i Latin-Amerika har vore så lange og mange at eg etterkvart har vorte svært glad i deira populærmusikk. Både tango frå Argentina og slagermusikk. Såkalla «boleros» ligg mitt hjarta nær. Det er ikkje nasjonalmusikk, ikkje prega av den amerikanske variasjonen som har utvikla seg på ein annan måte. Det er musikk som er nært knytt til dans, rørsle og kroppens gleder.

maleri_kjartan

Frode Grytten er uløyseleg knytt til The Smiths og The Clash, Lars Saabye Christensen har The Beatles. Om ditt forfattarskap skulle hatt eit lydspor, kva skulle det ha vore?

– Det måtte ha blitt ei eklektisk blanding mellom latinamerikansk boleros og amerikansk populærmusikk fram til eit visst år.

Kjærleiken til den folkelege musikken kastar lina inn i forfattarskapet der industriarbeidaren, bonden og sjømannen blir portrettert. Musikken smyg seg òg direkte inn mellom permane. Sidan Dalen Portland, romanen som gav han Nordisk råds litteraturpris i 1978, har songtekstar dukka opp i nær sagt alle hans bøker. Anten typografisk sett opp eller skjult som prosa inne i teksten som ein må lesa høgt for å høyra at dei er songbare.

– Eg debuterte som lyrikar i den høgmodernistiske stilen. Eg trur at eg tenkte på eit visst tidspunkt at den lyrikken hadde gjort sitt. Men eg likte å skriva lyriske ting, så eg gjekk seinare bevisst over til å skriva det eg såg på som songbare tekstar.

Desse songbare tekstane har freista ikkje berre ein, men etterkvart ganske mange musikarar til samarbeid. Prisar har det òg vorte. I 2003 vart Fløgstad tildelt TONO sin Edvardpris for teksten «Slak line» tonesett av Lars Bremnes og med Kirsten Bråten Berg på vokal.

– For meg blir teksten rikare i møte med musikken. Det blir ein annan driv.

I Ferdigsnakka-singelen «Fladen grunn» er det Marius Drogås Hagen frå Team Me som står for den musikalske biten. Teksten hentar namnet sitt frå ein fiskebank i nordsjøen, og fortel historia om ein ulykkeleg kjærleik fanga mellom skiftarbeid og oljerigg.

– Det er veldig metaforisert. Det er mange metaforar knytt til olje, hav og sjø som fort blir erotisk lada, og dette er ein slik tekst. Det er ein tekst som lett kan syngjast, trur eg. No blir den lesen, og den har funnen ein heim i musikken til Marius, men ein skal ikkje utelukka at den kan finne andre heimstader òg.

– Marius kjem frå ein annan generasjon, og ein annan del av musikken enn det eg sjølv har kjennskap til. Men eg let han få teksten med hud og hår, og han har gjort sitt med hud og hår.

Ukas lydboksingel er skrevet og lest inn av Kjartan Fløgstad og lydlagt av Marius Drogsås Hagen. Produsent: Synne Øverland Knudsen/Ferdigsnakka. Bildene av Fløgstad er tatt av Anne Valeur og coveret er designet av Nina Wasland. Maleri: Christian Gravningen.