Frode Grytten er musikernes forfatter og forfatternes musiker. Han har skrevet utallige bøker, mange om musikk, han har vunnet haugevis av priser og fylt opp en rekke teaterforestillinger.
av Frode Grytten
Eg vil bare seie at dei der nye jagarflya, dei vil eg
reservere meg mot, eg vil ikkje betale fem øre for dei.
Frode Grytten er musikernes forfatter og forfatternes musiker. Han har skrevet utallige bøker, mange om musikk, han har vunnet haugevis av priser og fylt opp en rekke teaterforestillinger.
Bendik Giske er saksofonist, komponist og produsent.
av Frode Grytten
Jaja, så har du også kasta deg på den sjølvbiografiske bølja?
– Alvorlig, det er ein lang tradisjon dette, å lage sjølvportrett, å fange seg sjølv visuelt eller verbalt. I målarkunsten går det til dømes tilbake heilt til 1500-talet. Då var det ein type reklameplakat for kunstnaren, han ville vise for heile verda at han var kapabel til å måle slik at det likna på modellen. Også i poesien finst det fleire fine sjølvportrett.
Som til dømes?
– Robert Creeley skreiv eit bra eit. David Berman. Frank O’Hara. Gregory Corso. Dei amerikansk beatpoetane dreiv mykje med dette. Corso har lagd eit veldig fint sjølvportrett. Mitt er ein slags dialog med hans.
Eller tjuveri, som det heiter i folkelig språk. Men kva er det som er så interessant med Frode Grytten, liksom?
– Det var litt av ideen, å skrive om seg sjølv som eit heilt vanlig, kjedelig menneske som det i grunnen ikkje er så mykje interessant med. Bare dette: Ein mann på 53 år som stirer på seg sjølv i spegelen.
Du er 54 år, du lyg på alderen også?
– Eg skreiv det då eg var 53. Tida går. Det er kanskje det eit sjølvportrett djupast sett handlar om også. Å fange eit glimt av liv. Tida som flyt gjennom deg, og dei endringane som skjer med deg mens tida renn.
Bombe. Når du no har fått montert opp ein spegel på kontoret, så gir du offisielt blaffen i alle andre?
– Jepp. Frå no av kjem eg ikkje til å skrive eitt einaste ord om andre folk enn meg sjølv.
Kor mange bøker kjem du til å skrive om deg sjølv, trur du?
– Nei, det blir med dette eine diktet, no er eg ferdig med det. No er det over, eg har fått det ut av bodyen. Eg må innrømme at eg synest at det er litt ekkelt å skrive om seg sjølv og snakke om seg sjølv. Folk held på med det heile tida, og eg kan bare beklage at eg har bidratt i feil retning her.
Flott at du intervjuar deg sjølv, då.
– Det er ikkje min idé, eg blei bede om å gjøre det.
Det seier dei alle.
– Det er første gong eg gjør dette.
Det seier dei alle. Men kva med den tunge tida, Grytten, du skriv nesten ingenting om den tunge tida, har du ikkje hatt ei skikkelig tung tid, kanskje? Har du ikkje levd?
– Det står vel inni der ein stad. Men ein kan ikkje prale med det livet ein har levd heller. Den jakta på overskridande historier frå privatsonen er vår tids store sjanger, og han har snike seg inn i skjønnlitteraturen også. Eg kan ikkje dømme andre, men eg er meir interessert i det som er i midten, det som er vanlig, det som er livet for dei fleste av oss. Det daglige, kjedelige, gjennomsnittlige, ordinære. Det er langt meir merkelig og eksotisk enn det som er ute i ytterkanten.
Men du, har du aldri vore i Miami? Seriøst?
– Nei, eg har aldri vore i Miami. Eg bløffa til Aftenposten. Det er heilt sant, no bløffar eg ikkje. Dei ville ha meg til å svare på ei slik sommarfavoritt-spalte for nokre år sidan. Alle driv jo med denne sjølviscenesetjinga, og eg tenkte eg skulle underminere det med å svare usant, kjøre på med alle klisjeane om vin, sommarmat, gode vennar og Miami. Og det kom på trykk. Sidan har Aftenposten konsekvent boikotta meg, dei har ikkje skrive noko som helst om bøkene eg har gitt ut eller det teaterstykket eg debuterte med i fjor. Hysterisk vittig, spør du meg.
Kven kan klandre dei? Men dette sjølvportrettet ditt, er ikkje det også ei form for sjølviscenesetjing, forkledd som kunst?
– Eg veit ikkje. Eg trur ikkje det. Eg forsøkte bare å skrive sant. Det behøver ikkje å bety at det er sant. Men eg skreiv det rett fram, slik det er. Eller slik det var den dagen eg skreiv det. Det hadde blitt annleis om eg hadde skrive det i dag, trur eg.
Korfor «Selfie»? Den aldrande mannen forsøker å nå kidsa?
– Ja, eg har stor tru på at eg kan slå gjennom hos eit yngre publikum. Det seier i alle fall manageren min, og ho har skikkelig peiling. Nei, eg ser på folk som held på med dei mobilane sine, korleis dei sjølv er sentrum, dei tar alle desse bilda av seg sjølv mens verda rundt er redusert til ei kulisse. Det er litt deprimerande, er det ikkje?
Så, då måtte du gjøre det same?
– Humor. Det var humor. Eg synest det var vittig.
Ikkje så vittig.
– Nei, ikkje så vittig. Men litt vittig var det. Og eg gjorde mitt beste. Eg veit at det ikkje var godt nok, men eg forsøker alltid å gjøre mitt beste.
Og når er ditt beste godt nok?
– Heilt ærlig, eg veit ikkje. Eg synest aldri at eg er god nok, det er vel derfor eg er så utålmodig, eg vil vidare. Men dette er det ubehagelig å preike om, altså. Eg dømmer meg sjølv, likevel er det best om dommen fell heime eller på kontoret, ikkje i det offentlige. Det hadde vore interessant, men også fullstendig øydeleggande, trur eg.
Så du liker å vere hard med deg sjølv? Kanskje du kan komme med nokre fine ord om deg sjølv på tampen, då, skriv du på bra greier for tida?
– Ja, eg skriv på ei novellesamling desse vintervekene, det er deilig å skrive noveller igjen, det er som å ha komme heim etter å ha vore ute i kulda og regnet altfor lenge.
Okei, okei, nok skryt. Vi må ikkje bli heilt sentimentale her heller. Og boksingelen, kva synest du om boksingelen?
– Han blei fin. Bendik Giske gjorde ein veldig bra jobb med musikken. I natt skal eg ta med meg lydfila og sove med ho under puta.
Bendik Giske har lydlagt «Selfie». Han er saksofonist og produsent – og har gjort alt fra å spille sammen med storheter som Arve Henriksen og Pat Metheny til å produsere albumet Look Back av Nils Bech.
Selfie er skrevet og lest inn av Frode Grytten i studioet Ohlogy og lydlagt av Bendik Giske. Produsent: Synne Øverland Knudsen/Ferdigsnakka. Cover er designet av Jon Arne Berg.